søndag 26. november 2017

Keeperen og havet

Bilete: Bokelskere
Brageprisvinnar er ho, forfattar Maria Parr (f. 1981). Gongar to! Ja, ikkje berre vann ho for barneromanen Tonje Glimmerdal attende i 2009, ho vann jammen meg i år òg. Boka er sjølvsagt Keeperen og havet. Og sjølv om det ikkje er mykje sus over tittelen, er det særs mykje sus i boka - og prisen er velfortent og meir til!

Boka med den noko underlege tittelen Keeperen og havet er oppfølgjaren til debutboka Vaffelhjarte, som kom ut på Samlaget i 2005. Der møtte me Trille, eigentleg Theobald Rodrik, og naboen Lena, båe ni år. Og som ein kanskje kan hugse, gjorde dei mykje rart i lag. Boka opner med at dei har trukke ei line mellom husa deira, og Lena skal klyve over frå det eine vindauget til det andre. Det ender med at ho landar i hekken mellom hagane. Lena er ei jente med bein i nasen, og ho lèt seg ikkje stoppe av korkje frekke gutar, sinte foreldre eller ein uroleg besteven. Då er det godt at farfar passar på.

I Keeperen og havet har Trille og Lena vakse litt, og er blitt tolvåringar. Dei er framleis grannar og bestevener, i alle fall i fyrste del av boka. Då er det sommar, og etter at Lena dundrar heim frå ferie på Kreta og hoppar i havet frå moloen - noko Trille også gjer - er alt det same som før. Dei har hemmelege prosjekt nedi naustet, dei sender ut flaskepostar, dei er med farfar ut å fiske, dei dreg ut på Kobbholmen, dei gjer Minda og Magnus arge, Lena triksar med fotballen og dei gler seg ikkje akkurat til at musikkskulen startar opp att. 

Men så kjem endringane, ein etter ein. Fyrst ut er Birgitte, jenta frå Nederland som skal bu eitt år i Noreg og gå i same klasse som Lena og Trille. Ho er så pen at Trille misser sans og samling, for å nytte ein klisjé. Og ho er så ikkje Lena - Trille visste knappast at jenter kunne vere slik. På eit haltande engelsk siv heile løyndomen ut, prosjektet til Lena og Trille nedi naustet: Ei flåte. Dei skal segle inn til byen med ein sjølvlaga farkost! Og Birgitte vert med, som femte hjulet på vogna. Lena Lid er sint heilt inn til beinet i den tynne kroppen. Og det ender med katastrofe.

Så kjem skulestarten. Dei er eldst no, siste året på barneskulen. Kai-Tommy har kome i stemmeskiftet og det er flautt å gå med gummistøvlar når det regnar. Det som er kult, er å sykle utan hjelm og hengje på ferjekaia. Men Lena og Trille held fram med sitt, mellom anna musikkskulen. For å seie det med Trille: Bestevennen min er urdårleg på keyboard. Og det vert ikkje betre av at Trille leggjer inn støyten på øving og vert oppteken av å meistre stykket "Für Elise" på piano. Han vil jo berre syne Birgitte at han ikkje er heilt tomsing!

I grunn er Trille så oppslukt av Birgitte at alt anna forsvinn. Både Lena og farfar. Lena, som ikkje lenger får lov til å vere fyrstekeeper på gutelaget, sjølv om ho er best. Farfar, som byrjar å bli gamal og kan hende ikke bør køyre båt meir. I alle fall ikkje åleine. Og noko søkk i Trille då han ser at Lena og farfar er saman. Utan han. Men han vender ryggen til og dreg opp til Birgitte. Vil han nokon gong finne attende til bestevenen sin, ho som berre trenar og er sint? Og kva hender med farfar på havet?

Me følgjer Lena og Trille og dei andre i Knert-Mathilde heile skuleåret, fram til det er sommar på ny og sjuandeklassingane skal over på ungdomsskulen. Boka har fire delar og følgjer årstidene: Del 1 er kalla Sommar og saltvatn, Del 2 er Haust og halloi, Del 3 er Vinter er venting og Del 4 er Vårløysing. Og det er eit langt år for alle saman, med mykje som hender. For i tillegg til kaoset Trille og Lena er i, hender det litt av kvart på heimebane med. Mor til Trille er trøytt og ligg berre på sofaen. Og Ylva, mor til Lena, klarar ikkje å gje Lena det ho ønskjer deg aller mest: Ein veslebror.

I eit særs godt og stilsikkert språk sirklar Parr inn dei to hovudpersonane, som glir frå kvarandre utan å ville det sjølv. Ho lèt dei sanse og erfare på eiga hand, utan at dei vert for like eller stereotypiske. Det er heller det motsette - Maria Parr er modig nok til å utfordre kjønnsrollene: Det er Lena, ikkje Trille, som kjem heim med blodige bein tre gongar i veka. Det er Lena, ikkje Trille, som slår den teite guten rett i andletet. Det er Lena, ikkje Trille, som held fast ved barndomen og ikkje ønskjer at noko skal endre seg. Det er Trille, ikkje Lena, som er usikker på seg sjølv. Det er Trille, ikkje Lena, som grublar over kva som hende med farmora Inger. Det er Trille, ikkje Lena, som vert øydelagt av kjærleikssorg.

Parr nyttar verkemidlane godt, og har komponert romanen på ein overtydande og elegant måte. Dei ulike trådane i historia er medvite vevd inn i kvarandre på ulikt vis. Det vert ikkje for mykje av noko, ho veltar seg korkje i sinne eller blod, ho er ikkje sentimental - ein kan jo ikkje det, med Lena Lid og replikkane hennar på laget! Boka er solid skrive, fint tenkt og menneska er særs godt sett og nydeleg skildra. Eg ser jo denne bukta, eg, Knert-Mathilde, der dei putlar omkring mellom hus og naust. Lena med ballen, farfar ved båten, Trille oppover mot skogen. Og forfattaren er så raus og varm med dei alle.

Keeperen og havet er ganske enkelt ein suveren barneroman. Maria Parr følgjer opp debuten med langt på veg same oppskrift, men utan å misse originalitet og kraft. Keeperen og havet er like sjarmerande og rørande som Vaffelhjarte, men endå litt krassare i språket og røffare i konfliktane. Det vert så ille at ein i fullt alvor trur at dei aldri vil verte bestevener att, Lena og Trille. Og ein får så låkt av farfar, der han går åleine nede på stranda, med auga vendt mot havet og Kobbholmen. Her finst kjærleik og humor, krangling, spenning, tristheit, djup lukke og mange, mange, mange levande og minneverdige skildringar av desse friske, kvikke menneska som vert skutt i rumpa, heist opp i flaggstenger, som stikk av til Kobbholmen og går julebukk i orkan.

Meir kan eg ikkje skrive, av di Maria Parr seier det best sjølv. For å runde av ei lukkeleg oppmoding til lesing og lovnad om ei leseoppleving som vil gje deg mykje latter, gjev eg ordet til Lena Lid, her frå side 19:

- Fy flate, desse turistane, freste ho. - Tenk å køyre så inni drithaugen feil at du endar langt her oppe på fjellet. Dei burde vore merkte med varseltrekantar, heile gjengen.

2 kommentarer:

  1. Jeg har nettopp lagt boka inn på telefonen min, fra eBokBib, og skal lese i den på reise med Kystekspressen på vei til Trondheim idag. Gleder meg etter din flotte omtale. Forfatteren er nok verdt prisen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så gøy! Håper du har hatt en super leseropplevelse!

      Slett