onsdag 12. mars 2014

Bokserier for barn: Bø og Bæ

Bilete: Samlaget
Med barn i huset og bokgal mamma, skal ein tidleg få briller som god lesar skal bli. Bøkene har eg kjøpt og spart på i mange år allereie, alt frå praktutgåver av barnebokklassikarar til meir tilfeldige peikebøker frå Litor, nyutgjevingar samt størstedelen av barnebiblioteket til Bokklubben. Men det er på det fantastiske folkebiblioteket vårt vi har funne dei største skattane, bøker eg ikkje visste om, ikkje tenkte på eller vurderte heilt annleis: nemleg vaksent.

Og det er nok eit svensk radarpar som skal trekkjast fram her, nemleg ekteparet Lena Marie Landström (f. 1943) og Olof Landström (f. 1943). Gjennom ei karriere som strekkjer seg over fleire tiår, har dei etablert seg som varme og humoristiske barnetv-teiknarar og barnebokforfattarar både kvar for seg og saman. Dei møtte kvarandre i 1969 og samarbeidde allereie frå 1972, med blant anna barnetv-serien "Kalles klatretre", som gjekk i ein av sine mange repriser på NRK då eg var lita. Seinare vart det fleire teiknefilmar for barnetv, og i 1990 kom deira felles bokdebut med Nisses nya mössa. Arbeidsdelinga dei i mellom er såvidt eg har skjønt at han teiknar og ho skriv. Men ho er også ein habil illustratør, og ho debuterte for eiga hand i 1993 med biletboka En flodhästsaga. Finlandssvenske Olof Landström driv mest med illustrasjon og animasjon. Han har til dømes jobba med forfattarar som Barbro Lindgren, Ulf Stark og Tomas og Jujja Wieslander med fleire. Som par har Landströmforfattarane også motteke fleire prisar, den gjevaste så langt er Astrid Lindgren-priset frå 2009.

I 1995 kom den fyrste boka i serien eg her skal skrive om: Bu och Bä i blåsväder (på norsk som Bø og Bæ i vinden, Samlaget i 1996). Det er to sauer (eller lam) som er i hovudrollene her, ein jentesau (Bæ) og ein gutesau (Bø). Dei er heilt åleine i sitt eige univers - altså heilt utan påverknad frå menneske. Men ein kan, i motsetnad til i bøkene om Fie og Milo, sjå føre seg at Bø og Bæ agerar i ei verd med menneske, dei er berre ikkje med på teikningane. Eller ein kan tenkje seg at dei mest er menneske, teikna som sauer. Gjennom bokserien, som så langt rommar sju titlar, vert vi kjende med to sjarmerande og litt klønete sauer. Dei er små, nett som barn, og har ikkje heilt forstand på korleis ting hengjer saman, nett som barn. I staden for å freiste å forstå alt, setjer dei hendingane inn i si eiga forståing av verda. Det vert fort litt skeivt, som når sauene skal hjelpe ein katt i Bø og Bæ får besøk (2006). Bø og Bæ har heile tida eitt og anna daglegdags føre, som å rake lauv, handle mat, rydde, vaske, dra på skogtur eller liknande. Men det går ikkje heilt knirkefritt, og i desse forviklingane ligg mykje lun humor.

Dei små biletbøkene om Bø og Bæ har på sitt beste det me kallar dobbel adresse: dei er underhaldande og har bodskap både for barn og vaksne. Ungane ser mest på oppslaga, høyrer teksta og setjer det saman for seg sjølve, medan dei vaksne leser den litt tørre teksta og ser til dømes kor like dei teikna sauestereotypiane er på same type menneske. Konnotasjonane gir naturlegvis ein ekstra dimensjon til boka, og det har forfattarane tatt høgde for. I tillegg til den doble adressa, er bøkene optimistiske i språk og bilete. Her er det ikkje noko "får ikkje til"! Og når sauene tek alle utfordringar på strake armar, vert bøkene nokså meistringsorienterte, men ikkje heilt på same nivå som Emma og Thomas. Det er heller slik at Bø og Bæ har noko dei skal gjere, og midt i det heile oppstår det eit problem, som til slutt løysast. Døme her er Bø og Bæ til sjøs frå 1997, kor sauene, no i båt, plutseleg står på grunn. Kva skal dei gjere? Nokre gonger er det heilt uventa løysingar som dukkar opp. Forfattarane følgjer altså ikkje formelen heime-borte-heime eller borte-leite-finne, men gjering-problem-løysing. Det funkar godt, og eg trur det gjev forfattarane meir spelerom enn dei andre formlene.

Bøkene er innbundne, ikkje kartongiserte, som nokre av bøkene i serien om Fie og Milo og nokre Kanin-bøker er. Omfanget er tolv oppslag i kvar bok (24 sider), kor eitt er delt opp, med unntak av Bø og Bæ får besøk, som både er større i format og har fleire oppslag (16). Det er ei høveleg lengd for både barn og vaksne, til dømes om kvelden. Av di det er nokre avanserte gjeringar og mykje humor i bøkene, er bøkene passelege frå om lag toårsalderen til når ungen er kring fire-fem år. Ein må sjølvsagt sjå an barnet, men det er eit vesentleg poeng at dei kan følgje med på gjeringane, som skipar føresetnaden for forviklingane. Eg vil også rå dei vaksne til å setje av tid etter lesinga til å snakke saman om kva som hendte i boka. Det er raske skift mellom bileta, og ungen vil kanskje trengje "å fylle ut" hòla. Serien om Bø og Bæ høver godt til ungar med litt lesetrening, som allereie har lese til dømes dei sjarmerande bøkene om Pål eller bøkene om Beibi.

Teikningane har den dominerande plassen i bøkene, og teksta er ofte berre ei line eller to per side. Bøkene vekslar fint mellom fulle oppslag, fulle bilete, bilete med ramme, utsnitt, meir detaljfokus og teikneserieliknande ruter. Av og til kan det hende særs mykje mellom to oppslag, så i nokre tilfelle har teksta ei reint forklårande rolle - ho er rett og slett eit bindeledd mellom oppslaga som vår forståing er bunden av. I tillegg seier teksta somme stunder noko som er usagt, slik at tekst og teikning utfyllar kvarandre. Men teksta kan også berre kommentere hendingane - tørt og morosamt. Teksta står på ulike stader på oppslaga, nokre gonger på eller under bileta, andre gonger over eller ikkje i det heile. At det er lite tekst, er mest fint. Då kan barnet sjølv fortelje kva ho ser i biletet, og barn og vaksen kan prate om kva dei trur hender med Bø og Bæ denne gongen. Og sjølv om mykje vert sagt med illustrasjonane, og ungane raskt hugsar orda, meiner eg at bøkene krevjer ein vaksen lesar mange gonger før ungen leser sjølv.

Serien om Bø og Bæ, sauene som mest alltid ramlar, vert omsett frå svensk til nynorsk av forfattar Ragnar Hovland (f. 1952). Eg meiner han har eit godt blikk for teikningane og situasjonane som Landströmforfattarane fokuserar på, og at han tek gode ordval. Språket er lett, greitt, ukomplisert og morosamt, ofte av di Hovland skapar doble tydingar. Og då er me attende til den doble adressa, noko dei somme tider får til her. Bø og Bæ er moro for små og store! Ei einaste innvending må vere at teksta somme stunder rett og slett er litt for avansert for den eigentlege målgruppa, ungane, medan dei vaksne kan humre og le. Viss du enno er lite overtydd om at serien er verd å lese, kan eg leggje til at bøkene også er omsette til engelsk. Det er ei oppleving få nordiske forfattarar av barnebokserier får vere med på, og må reknast som eit kvalitetsteikn.

Omtala byggjer på sju av sju bøker i serien (norske utgåver): Bø og Bæ i vinden (1996), Bø og Bæ i festhumør (1996), Bø og Bæ til sjøs (1997), Bø og Bæ gjer reint (1997), Bø og Bæ blir våte (2000), Bø og Bæ i skogen (2000) og Bø og Bæ får besøk (2006).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar