onsdag 5. desember 2012

Stillstand

Det er fleire veker, faktisk snart to månader sidan eg las Stillstand av Agnes Ravatn (f. 1983). Boka er frå 2009 og er hennar fyrste essaysamling. Tidlegare har eg lese og skrive om Veke 53, debutromanen hennar frå 2007. Stillstand er mykje av det same: her er artige observasjonar, gode poeng, komikk og litt alvor. Ravatn har ei evne til å gjere det utruleg kjedelege til lett underhaldning, og peikar på nett det sære som gjer menneska ho skriv om sprell levande. Forskjellen ligg her mest berre i kva sjanger forfattaren nyttar.

I Stillstand, som eigentleg byrja som ein underhaldande og heilt annleis artikkelserie i vekeavisa Dag og Tid (Noregs beste avis!), er forfattarens prosjekt å oppsøke stader der det, ytre sett, ikkje skjer noko i det heile. Ho er med anna i kloster, på kafé i Ålesund, på to forelesningar i examen philosophicum ved Universitetet i Oslo, i tingretten og på talarstolen på 17. mai. Men sjølvsagt hender det noko på desse plassane óg. I klosteret skal katten ha kattungar, i tingretten utspelar det seg eit fyrsteklasses drama midt på dagen og i Ålesund oppdagar Ravatn verdas skeivaste bart. Ravatn er med Stillstand både forfattar og litterær person, og det fungerer veldig bra. Med mange irrasjonelle oppheng, fantasirike assosiasjonar og kvast blikk vert ho eit fornøyeleg selskap.

Men særs essayistisk er det vel ikkje, i alle fall ikkje i den tradisjonen eg kjenner best, som er det filosofiske essayet representert ved Garborg, Hellesnes og Skjervheim. Dette er morosamt, men ikkje opplysande eller tankevekkjande. Essaya er heller ikkje spanande, særleg elegante i språket eller forfina i stilen - kvardagsleg er eit omgrep som passar både på form og innhald. Difor er essaya fort gløymde att, om ein då ikkje, som eg, skriv ned noko undervegs. Men til forfattarens forsvar har boka faktisk ein undertittel som lyder slik: "Sivilisasjonskritikk på lågt nivå". Då kan ein strengt tatt ikkje forvente noko filosofiske problem eller kompliserte utgreiingar. Og som underhaldning er dette heilt greitt, og mykje betre enn ukeblad og femti gråsonar av litt og kvart.

Men eg forventar likevel. For eg synest Ravatn berre gjer det same, heile vegen, og eg veit ho kan betre! Ho kjem med særs lite nytt, og eg kan ikkje heilt forstå kvifor. Ho har god moglegheit til å bringe inn nye element. Det er jo ho som sit på desse plassane, som observerer, som tenkjer, og som kan la tankane fare til noko heilt anna. Eg les det jo berre. Hadde ho litt oftare lagt inn noko anna, ein kontrast, noko personleg, sannheiter, løysingar, eit faktisk alvor over meir enn tre ord, så hadde eg likt samlinga betre, tenkt meir, kanskje ledd meir. Men slik det er no, vert det heile til ein graut, med litt eimen smak, klumpete konsistens, med kanel, ørlite sukker og verdas minste smørauge. 

Fyrste essay i samlinga sit som eit skot. Det er utruleg bra, menneska er på kornet, ho overdriver passe mykje, situasjonane er latterlege og truverdige på same tid. Har ikkje alle sett eller høyrt noko slik? Nokre damer som er nett så poserande, nokre menn som brummar? Eg klukka fleire stader, særleg av Ålesunds nye turistattraksjon: barten. Men fallhøgden frå eit stramt, morosamt, velkomponert, godt uttenkt og fornøyeleg skrive essay er stor. Og når ho Agnes er på talarstolen på 17. mai, synest eg at ho lullar seg vekk i noko forferdelege greier, det er ikkje morosamt og ikkje bra. Kvifor må Ravatn nokre gongar insistere på å vere plump og i opposisjon mot gjengs oppfatning? Meiner ho verkeleg desse tinga, eller ynskjer ho å provosere? Eller freistar ho nytte ironi? Eg veit ikkje, eg veit berre at eg ikkje likar at ho er flåsete og teit. Og ikkje for å vere kritisk, men det er jo nett på 17. mai det skjer noko på talarstolen. Hadde ho vitja same stol t.d. 4. februar, måtte essayet vore annleis.

Men det er vanskeleg å balansere i eit essay, særleg i eit humoristisk eit, kor lesarane reknar med humor, men kor ein ikkje kan treffe alle lesarar kvar gong. Då må eg berre minne meg sjølv på klosteressayet også, kor Agnes forsnakkar seg og seier om katta: is she expecting mittens (ikkje kittens). Her er ho, med feil, med sjølvinnsikt og humor, og ho liknar på eg som les. Og det er fornøyeleg - det er når ho skriv om seg sjølv nett slik at ho er best.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar