fredag 15. juni 2012

Pløye harve steinplukk møkk, harve slådde så

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er ein forfattar eg får meir og meir sans for. Eg vart kjend med han, forfattarskapen og den intense hovudpersonen Geir i romanen Brakk frå 2006, som eg las i på sydenferie i 2010. Men det er eigentleg ein oppfølgjar. No har eg nett lese debutboka Nyryddinga frå 2003, der ein møter Geir for fyrste gong. Her er han ikkje intens, men tankefull, og nokre gongar trist. Og eg vil berre lese meir; eg vil lese Brakk om att, og eg vil vite meir om kva som hender med Geir, før, etter og mellom bøkene, og eg vil lese Mamsell Iversen og dei tre teaterstykka Løvåsen har skrive. For det er heilt herleg å vere ein del av universa han skriv fram.

Det gjorde ikkje noko at eg hadde lese Brakk fyrst, men eg skulle ynskje at eg ikkje hadde gjort det. Eg sat og venta på ei konkret hending i Nyryddinga (kva det var vil eg ikkje nemne, det kan jo hende nokon andre vil lese boka), og denne ventinga stal mykje fokus. Eg las ivrig inn fleire "frampeik" som viste seg å ikkje vere nett det (men som kan lesast som frampeik til Brakk - elegant!). Romanen til Løvåsen er nokså tettpakka med hendingar, dialogar og skildringar, som krevjer ein vaken lesar, samstundes som boka er så god at ho fortener ein lesar som er med. Ventinga mi var berre dum, forstod eg, og då kunne eg kose meg.

Det er som sagt Geir som er hovudpersonen. Geir er om lag 10-11 år i Nyryddinga, bur på gard med mor, far og bror, likar å vere hjå sauene i fjøset eller å byggje hytte, hoppe på ski eller vere med på tømmerfløting saman med bestevenen Finn, som alltid bannar. Geir og Finn flyg opp og ned liene og vegane og elva der dei bur, dei er sjølvstendige, smarte og lojale, både mot kvarandre og familien: deira største draum er å verte bønder, nett som fedrane deira. At hovudpersonen er så "liten" gjer ikkje noko, for boka er ikkje barnsleg. Tvert om; ho er alvorsam og intens, morosam og sjarmerande, tydeleg og viktig. For Geir og Finn bur ikkje berre langt vekk ifrå byen, dei bur og langt utanfor bygda. Og denne doble "outsidar"-statusen er ikkje enkel. Men skjellsorda (som t.d. gardsmongo - eg lo, lengje!) prellar av. Gutane har viktigare ting å halde på med, viktigare ting å tenkje på. For hjartet til far er ikkje bra.

Nyryddinga er kompleks og kompakt, men enkel og udramatisk. Det er mykje som hender med Geir og kring Geir, og det er skildra varmt og humoristisk. Samstundes spegler ikkje boka berre dei miljøa som Finn, Geir og familien er ein del av, men og vårt eige samfunn. Sympatien ligg hjå bøndene og kritikken mot staten kan vere krass. Gutane som skal ha mønsterbruk når dei vert store, vert difor ikkje berre eit døme på lojalitet til slekta og "bondeidyll" - det er og politikk. Eg les inn eit krav, både frå forfattaren og hovudpersonane. Det må vere mogleg å leve av jordbruket og husdyrhaldet! Eller som far til Geir sånn omtrentleg seier ein plass: Eg er vel dum som held på med dette. Det er hardt arbeid og eg får ikkje att noko særleg. Med bondeaksjonane frå mai friskt i minne er boka overraskande aktuell.

I tillegg til at Løvåsen byr på ei sår, varm, morosam og rørande forteljing om oppveksta og kvardagene til Geir, med originale hendingar (som t.d. hanen og kønnskrika), kraftfull dialog, søte situajsonar og eit flott portrett av ein hardtarbeidande far og ein realistisk framstilling av eit moderne familieliv, er språket utruleg elegant, spanande og annleis. Løvåsen skriv eit spesielt nynorsk, det er talemålsnært og friskt, med mange (for meg, nye) dialekt-ord, mykje munnlege uttrykk og gjennomført kløyvd infinitiv. Det er imponerande - både at han tør å skrive slik og at han har fått det så godt til.

Oppmodinga vert difor: I staden for å lese endå ein slapp krim eller ein preglaus chic-lit bok, ein historisk roman utan fortidas sus og dus eller endå ei krigskrønike, burde samtlege lese Nyryddinga. Det er så godt som ein liten gardsferie. Nokre gongar kjem lukta av fjøs nesten opp frå sidene, og eg lo så eg gret fleire gongar. Andre gongar berre gret eg. Og no vil eg lese Brakk. Og grine litt meir.

Ja, og overskrifta? Eit sitat frå boka, rett frå Geir. Det er regla hans. Og samstundes gardens, og naturens, syklus.

2 kommentarer:

  1. Denne bloggen er så god, annerledes og seriøs! Beskrivelsene og begrunnelsene er grundige og perspektivrike, uten å være jålete og poserende (som dessverre mange er). Du leser originale bøker og løfter dem fram så varmt og friskt at jeg tenker at dette hører hjemme i P2. Så andre bokglade mennesker kan få innspill, ideer og perspektiv litt utenfor den brede, oppkjørte løypa som de fleste dagsaviser kjører. Føler meg litt dum som ennå ikke har lest Løvåsen. Men det tåler jeg.
    Trudelutt

    SvarSlett
  2. Tusen takk for veldig hyggelig kommentar! Jeg prøver å lese bredt, og jeg forsøker å ta litteraturen alvorlig. For meg er det en stor glede å lese, tenke og skrive, og det er en ekstra glede hvis andre også setter pris på det!

    Løvåsen venter trofast. Har til og med hørt han er kjekk! Løp og kjøp;)

    SvarSlett