mandag 6. februar 2012

Soga om Eystein Hauk

Det er jo ikkje eigentleg ei soge, forteljinga om Eystein Hauk. Ho er heller ikkje heilt ein roman, eller er ho? Soge er dekkjande for meg. Ho handlar om livet, vala, tankane og ettermælet til eit menneske. Har det noko å seie, kva ein kallar ho? Nei, ikkje no. Ikkje no, når eg nett har lese om Eystein Hauk, fritenkjaren, i teksten med namnet Ein fritenkjar frå 1878. Ho er ei av dei fyrste bøkene hans Arne Garborg (1851 - 1924) og dei siste femten sidene dirrar framleis i meg.

Fritenkjar Eystein Hauk elskar prestedotter Ragna Vangen, og Ragna elskar han. Dei trur begge at dei kan omvende den andre; ho trur at ho kan bringe han att på "den rette sti" med kyrkja og Gud, medan han trur at ho kan verte eit tenkjande menneske, ikkje eit som berre trur. Ragna giftar seg med Hauk, sjølv om faren hennar ikkje ynskjer det. Og dei lever saman utan å prate om alt dei er usamde om. Dei er kvarandres alt, men dei glir ifrå kvarandre, meir og meir for kvar dag.

Kan ein tenkje seg fri frå alle band? Og kan ein tenkje heilt fritt, fritt ifrå samfunn, religion og heimstaden? Kva med dei menneska som har fostra deg, som elskar deg, kan ein rive seg laus, fri? Eystein Hauk trur han kjem seg fri. Han trur han gjer det rette når han ikkje fortel far sin om kva han gjer, at han skriv og at han er radikal.
Å vere ein fritenkjar er nemleg ikkje bra i det heile. Hauk let ideane og tankane forme kven han er, dei vert prinsipp, levereglar. Men han freistar ikkje setje ord på dei kring dei han elskar. Er dei då dei rette tankane? Og held det å ha dei, berre dei?

Ein skal ikkje rive seg heilt laus, det tillèt ikkje samfunnet. Du skal vere ein god kristen og ein god borgar. Du skal ære foreldra dine, være ærleg med kona og god med nesten din. Haldningane dine skal vere av det slaget alle har. Trua di skal vere sterk. Moralen skal vere høg. Men kva viss du ikkje kan vere kristen og av di ikkje vert ein god borgar? Kva viss du aldri kan sjå foreldra dine att, av di du ikkje er ein god borgar? Og kva viss du ikkje klarar å prate med kona di, av di du veit ho då vil reise ifrå deg? Og kva viss ærlegheita gjer at nesten din vil sjå ned på deg, ikkje prate med deg, og du vil verte heilt åleine? Hauk riv seg laus likevel og vert støtt ut. Kvifor? Og til kva pris?

Eg likar Eystein og Ragna, eg vil at dei skal meistre alt i hop. Eg vil at dei skal leve saman, frie ifrå menneska kring dei, frå sladder og vås, politikk og ordskifte. Men det som fyrst berre er ei flik av usemje, vert ein diger, djup dal. Og dei finn ingen veg over til den andre. Å vere fritenkjar er det verste ein kan vere for Ragna og fleirtalet i samfunnet. Å verte kristen att, å verdsetje dei kristne verdiane, er utenkjeleg for Eystein. Det er så utruleg trist og sårt, men dei må skiljast. Og der ifrå vert det endå tristare og sårare.

Eg er framleis i soga, saman med Eystein og Ragna, og eg veit ikkje kva anna eg kan seie enn: les ho. Ho er glimrande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar